Vaksineringa i gang over heile landet: – Ein historisk dag vi har lengta etter

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det var ikkje noko spesielt, eg kjende ingenting, seier Reidar Garfors (80).

Han var den første i Naustdal i Sunnfjord kommune som fekk ta vaksinen.

Klokka 10.00 tysdag morgon fekk Lillian Litland (87) den aller første vaksinen i Agder ved Lyngdal helsehus. Ho hadde meldt seg frivillig til å vere den første til å ta sprøyta.

– Vaksinen var som eit flugebit, seier Litland, som var glad for å vere først i køen.

Den første vaksineleveransen til Noreg var på knappe 10.000 vaksinar, seinare i romjula kom 35.000 nye dosar.

Men per 3. januar var berre kring 2200 personar vaksinerte i Noreg. I Danmark var 40.000 personar vaksinerte på same tid.

Lillian Litland i Lyngdal får koronavaksinen av sykepleierne Susanne Vatne og Kirsten Fredriksen.

FØRSTE I AGDER: Lillian Litland i Lyngdal får koronavaksinen av sjukepleiarane Susanne Vatne og Kirsten Fredriksen.
L

Foto: Ronny Bjørnevåg

Fleire i gang med vaksinering

Men tysdag er fleire kommunar i gang med den etterlengta vaksineringa.

I Alver kommune vart Svein Bøe (79) den aller første i som fekk vaksinen i Vestland fylke, skriv BT.

Også Bergen kommune byrjar vaksineringa i dag. Her har dei fått ein levering på 845 dosar, noko som ifølgje helsebyråden svarar til meir enn ein av tre som bor på langtidssjukeheimane

– Det er ein historisk dag, og vi er veldig glade. Det er utruleg kjekt at vi kjem i gang med vaksinering og at vi byrjar med dei aller mest sårbare, seier helsebyråd Beate Husa (KrF) til NRK tysdag.

Vaksinering Naustdal

NAUSTDAL FØRST: Helsepersonell ved omsorgssenteret i Naustdal fekk sette dei første vaksinedosane i gamle Sogn og Fjordane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eit vendepunkt

Lyngdal kommune har så langt fått 30 vaksinedosar. Alle skal setjast i dag, seier kommunalsjef i Lyngdal Ronny Bjørnevåg.

Kor mykje betyr det for dykk å endeleg få sette vaksinar?

– Vi har lenge sett fram til denne dagen. Vi håper og trur at dette kan vere et vendepunkt i kampen mot korona, seier Bjørnevåg.

I Lyngdal har dei erfart kva koronaviruset kan føre til. I november var det et større smitteutbrot der etter samlingar i ein kyrkjelyd.

I Naustdal har 14 sjukeheimsbebuarar takka ja til å ta vaksinen.

– Vi har prøvd å informere så godt som mogleg. Både bebuarar og tilsette er nok spente i dag, men også glade for å komme i gang, seier einingsleiar Renate Kvalstad.

Helsepersonell får vaksine neste veke

I Bergen er det ei 88 år gamal kvinne på Søreide sjukeheim som skal få det første stikke.

Neste veke får kommunen 755 dosar, der inntil 20 prosent skal gå til prioritert helsepersonell.

– Går det fort nok?

– Eg er vel ikkje den einaste som er utolmodig. Men det skal ikkje stå på oss, vi skal kunne vaksinere så raskt som vi får dosar, seier Husa.

Beate Husa

HISTORISK DAG: – Vi har prioritert langtidsinstitusjonane først. Dette innleiar ein heilt ny epoke i pandemihandteringa i Bergen. Det er ein høgtideleg dag, seier helsebyråd Beate Husa (KrF) i Bergen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Vaksinerer i Rogaland og Nordland

Tasta sjukeheim og Finnøy helse- og omsorgssenter i Stavanger kommune var først ute i Rogaland. Fleire rogalandskommunar, mellom dei Sandnes, startar også i dag.

I Nordland får alle kommunane i fylket får første vaksineleveranse i løpet av dagen. Den første vaksinen blir sett i dag.


Läs artikeln här!

Läs artikeln här!

Leave a reply

error: Content is protected !!